I den tradisjonelle tenkinga har tilpassa opplæring alltid vore synonymt med opplæring for elevar som treng spesialundervisning fordi dei har problem, til dømes lese- og skrivevanskar. Dei treng individuell hjelp frå læraren etter at problemet dei har er kartlagt, ofte av spesialistar.
I LK06 heiter det imidlertid:
Uavhengig av kjønn, alder, sosial, geografisk, kulturell eller språklig bakgrunn skal alle elever ha like gode muligheter til å utvikle seg gjennom arbeidet med fagene i et inkluderende læringsmiljø.
Alle elever skal i arbeidet med fagene få møte utfordringer de kan strekke seg mot, og som de kan mestre på egen hånd eller sammen med andre.
Det betyr at alle elevar skal ha opplæring som er tilpassa kvar enkelt. Men omgrepet tilpassa opplæring er så innarbeidd som "spesialundervisning", at det nok vil ta lang tid før tilpassa opplæring vil inkludere undervisning for alle barn og unge. No skal alle elevar ha opplæring som er tilpassa kvar enkelt sitt læringsnivå. Dei skal ha utfordringer dei kan strekke seg mot, meistre på eiga hand, og saman med andre. Vi veit og at kunnskapsløftet stiller krav om kva elevane skal kunne når dei er ferdige med skolen. Det vil og bety større krav til den enkelte eleven. I denne prosessen må lærarane også utvikle nye måtar å vurdere elevane på.
Då den eldste sonen min starta på skolen, kunne han lese. Den tilpassa opplæringa han fikk, var at han sat saman med ei anna jenta på eit anna rom og las bøker han likte. Det var tilfresstillande for han der og da. Men hadde dei hatt digitale verktøy i den tida, kunne det gitt han større muligheit for å komme vidare i eiga utvikling.
Ein lærer på ein skole i Bodø har plansamtalar med elevane sine ein gong i månaden. Dei legg opp planar for vidare arbeid, og evaluerer det som er blitt gjort. Elevane skal finne sine eigne læringsstrategiar og planlegge korleis dei vil arbeide. Det gir rom for variasjon i arbeidet, og stigande vanskegrad for kvar enkelt elev. Dei kan arbeide aleine og saman med andre, og dei kan hente kunnskap og informasjon frå internett. Dei kan bruke digitale verktøy i presentasjonar av til dømes tekstarbeid, bruke PC-en til tekstskaping osb. Lærarane veit at tida for å berre drive den tradisjonelle undervisninga med læreboka og frå tavla, er forbi. Men begge delar kan sjølvsagt brukast saman med den nye reidskapen.
Barn og ungdom si livsverd er kommen inn i skolen. Eg synest vi skal ønskje han velkommen, og finne måtar å bruke han på i lag med elevane.
Dette er eit vanskeleg tema. Det er upløygd mark på mange vis. Bruken av digitale hjelpemiddel er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel. For å nå måla i kunnskapsløftet om tilpassa opplæring for alle elevane, er IKT eit nyttig hjelpemiddel, dersom ein bruker det med mål og meining. Som lærar i framtida treng eg innspel på kva de tenkjer kan vere kloke og nyttige vis å gjere det på.
søndag 7. oktober 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei
Hva er tilpasset opplæring? Tilpasset opplæring defineres ulikt på de ulike skolene. Det jeg forstår med tilpasset opplæring er at man har diferensiert opplæring, som igjen betyr at man tilpasser opplæringen til hver enkelt elev, slik at de får noe å strekke seg mot. Her tenker jeg i første rekke de elevene som mestrer mer enn gjennomsnittet og trenger ekstra utfordringer for å ha noe å strekke seg etter.
De må følges opp på en helt annen måte enn de elevene som strever med de ulike fagene. De må oppgaver som er tilpasset deres behov, hvis ikke vil de kjede seg på skolen.
Legg inn en kommentar